Har lese over 173 millionar sider i Sommarles

Aldri før har så mange vore med på Sommarles.

– Det er så kjekt å lesa. Då blir eg betre til å lesa, og så får eg vera lenger oppe for å lesa på senga, fortel Alfred Stangeland (10).

Han er ein av over 130.000 barn som har vore med på Sommarles-kampanjen no i sommar. Det er rekordmange deltakarar som har lese rekordmange bøker og rekordmange sider. 

– Eg har lese elleve bøker no i sommar, fortel Alfred.

– Eg har lese over ti bøker. Eg les ofte på sengekanten og når eg les lekser, fortel Ingrid Sagen-Roland (11).

Johannes Grov Nilsen (9) hugsar ikkje kor mange bøker han har lese, men han veit kva han likte best.

Midtnattsgjengen er kanskje den beste eg har lese nokon gong. Den var spennande og kjekk.

FAVORITT: – Amuletten-bøkene er favoritten min, og kanskje dei beste eg har lese nokon gong. Eg har lese alle åtte bøkene som har kome ut. Det er action og lette bøker å lesa – heilt perfekt! seier Ingrid Sagen-Roland (11). Ho anbefaler òg Utstøtt, som er ei spennande fantasyteikneserie. (Foto: Svein Olav B. Langåker)

Favorittbøker

Favorittboka til Alfred er Etter leggetid av Kristoffer Kjølberg, som er første bok ut i serien om Avisgjengen.

– Det er ei spennende teikneseriebok, men ikkje for skummel. Eg likar best teikneseriebøker og spenningsbøker. Ofte les eg Donald-blad og Donald-pocket.

Ei anna bok han likte godt var Flukten til verdens ende av Arne Svingen.

– Den handlar om ein gut på ein hemmeleg spionskule som rømmer frå skulen. Boka er både spennande og gøy og moro.

Biblioteket på Stord feira alle deltakarar på Sommarles med ein Knutsen og Ludvigsen-konsert med Endre Olsen og Jørgen Sandvik. (Foto: Svein Olav B. Langåker)

Årets sommarles

  • 130 000 deltakarar frå heile Noreg, som har lese over 1,5 millionar bøker!
  • Bibliotekarane i Sommarles-biblioteka har delt ut over 150 000 premiar!
  • Den suverent mest lesne boka i sommar er Operasjon Mørkemann, av Jørn Lier Horst, og har blitt lesen nesten 16 000 gonger.