Loch Ness-monsteret kan vere kjempeål

Forteljingar om eit påstått monster i den skotske innsjøen Loch Ness har versert i over 1.500 år. No viser DNA-funn at Nessie kan vere ein stor ål.

Forskarar har i eitt år undersøkt innsjøen. Torsdag vart studien deira publisert. Der slår dei fast at det ikkje er bevis for at det finst nokon monster-liknande urtidsskapning i Storbritannias største innsjø.

– Vi kan ikkje finne det minste bevis for nokon slik skapning i datasekvenseringa vår av miljø-DNA, seier professor Neil Gemmell, genetikar ved University of Otago på New Zealand.

Det er heller ikkje funne bevis for at det kan dreie seg om hai, malle eller stør, slår han fast.

– Det dreier seg om ei svært stor mengde DNA frå ål, seier Gemmell.

Han opplyser at forskarane fann DNA frå ål «på omtrent kvar einaste stad» der dei henta inn prøvar. Forskarane henta opp 250 vassprøvar frå ulike stader i innsjøen og på ulike djupner. Målet var å danne seg eit samansett bilde av livet i vatnet.

– Dataa våre seier ikkje noko om storleiken, men mengda av DNA-materiale åleine tilseier at vi ikkje kan sjå bort frå at det kan vere gigant-ålar i Loch Ness, seier forskaren, som kallar denne teorien «plausibel».