Apen tok bilete sjølv, men kven eig det?

Det er mykje ein skal krangle om. Etter sju år har ein dom fortalt kven som eig bilete. Er det apen, eller er det mannen som eigde kameraet?

I 2011 klarte apen å ta bilete av seg sjølv då han fekk tak i kameraet til naturfotograf Davis Slater.

David ville sjølvsagt selje bileta sine, men sidan lova seier at eit dyr ikkje kan ha opphavsretten, blei bileta spreidd rundt på internett, og David fekk ikkje tene dei pengane han ville.

Apestrek blei sak i retten

Dette irriterte David, som meinte sjølv at det var han som eigde bileta.

No har ein domstol, etter sju år, sagt at bileta av apestreken ikkje har nokon opphavsrett. Bileta har ingen eigar.

Så om katten eller hunden din tek eit bilete av seg sjølv, kan det vere vanskeleg å tene seg rik på bileta.

Saka var omtala i tek.no