Ella og Jesper møtte villsvin på stranda i Spania

Her i Noreg er ikkje villsvin naturleg, men i Sverige har dei vorte meir vanlege og er no ein del av den svenske faunaen.

(Sjå video lengre ned i saka.)

I Sverige har villsvinbestanden auka. Dette er dyr som eigentleg ikkje var heilt vanleg i den nordiske naturen, men som har kome frå Asia og trekt seg utover Europa og oppover mot Finland og Sverige.

I Sverige var villsvinet utrydda, men på 1940-talet avla bønder (godseigarar) opp villsvin for å drive jakt. På 1970-talet stakk villsvinet av og formeira seg som gjorde at bestanden auka. 

Her i Noreg er det observert villsvin i Halden, like ved svenskegrensa. Truleg vil villsvinet formeire seg og bli meir vanleg i Noreg også.

Villsvinet er naturleg utbreidd i Euroasia og Nord-Afrika, men har også trekt seg vidare oppover Europa og mot skandinavia. (Wikipedia)

Er villsvinet farleg?

Villsvin er normalt ikkje aggressive, men kan angripe menneske om dei føler seg truga. Dette gjel særleg råna (han-grisen) og purka (ho-grisen) dersom ho har ungar.

I Europa har ikkje villsvinet naturlege fiendar utanom ulv og menneske. 

Møtte villsvin på stranda

Framtida junior har fått tilsendt ein video frå Jesper (9) og Ella (6) som møtte nokre villsvin-ungar i Spania. Dei hadde trekt seg heilt ned på stranda.

Mamma, Cathrine Taxt-Bassant, trur dei gjorde det på grunn av varmen eller på mangel av mat. Det var nemleg veldig varmt i Spania då denne filmen blei tatt opp.