Snart får vi vite korleis Noreg hadde sett ut dersom barn fekk bestemme

Torsdag denne veka er Barnas Valdag! Det er siste sjanse for alle i 5. – 10. klasse til å stemme. Det er Viken fylke som har vist størst engasjement til no.

FAKTA: Barnas Valg

FAKTA:

  • Barnas Valg skal lære barn om politikk og demokrati på ein morosam og engasjerande måte.
  • På nettsida kan barn og unge lære korleis det politiske systemet fungerer, ta i bruk interaktive hjelpemidlar som til dømes valgomat for å finne ut kva parti dei er mest einig med, og til slutt gi si digitale stemme til det partiet dei meiner bør få bestemme mest i kommunen.
  • Barnas Val arrangerast av Redd Barna og Nordic Screens og samarbeider med alle dei store politiske partia, som for anledninga har laga elleve forskjellige barnepartiprogram – eitt for kvart fylke.

(Kjelde: Redd Barna)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi er overvelda! Då vi arrangerte Barnas Val i 2017 hadde vi totalt ein million sidevisningar på nettstaden. Denne rekorden slo vi allereie etter ti dagar i år, seier Redd Barnas generalsekretær Birgitte Lange i ei pressemelding.

Den mest besøkte sida er om partia. Noko som viser at barna sett seg godt inn i dei ulike partia før dei stemmer, meiner Redd Barna.

Valdagen

Frå 26. august har elevar frå 5. til 10. trinn stemt på det partiet dei vil skal vinne valet i si kommune.

Foto: Kristoffer Moene Rød / Redd Barna

Dei digitale stemmeurnene er opne fram til klokka fire på Barnas Valdag 5. september, men allereie no har fleire titalstusen barn stemt. Alle fylker i Noreg er representert i stemmegjevinga.

– Når så mange tusen barn seier si meining, kan det ikkje ignorerast. Vi forventar eit enormt trykk på valdagen, seier Lange.