Mange store dyr i ferskvatn er i ferd med å bli utrydda

Alt frå delfinar til skilpadder forsvinn, ifølgje ein ny studie.

Elvar og innsjøar dekkjer berre éin prosent av overflata på jorda, men huser kvart tredje virveldyr i verda, skriv Forskning.no. Virveldyr er dyr med eit indre skjelett med ryggvirvlar.

Pattedyr, fisk, krypdyr og amfibiar held til der, på heiltid eller i periodar i livet. Dette mangfaldet er no sterkt truga. Alt frå delfinar til krokodillar og skilpadder forsvinn.

Ei internasjonal gruppe forskarar har sett på 126 artar som veg minst 30 kilo. Halvparten av desse er utrydningstruga, ifølgje den globale raudlista over truga artar.