Regjeringa lovar meir av praktisk læring i skulen

Regjeringa vil at det skal bli meir praktisk læring i faga musikk, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse.

Regjeringa legg fram ein ny strategi for barnehage og skule. Strategien har fått tittelen: «Skaperglede, engasjement og utforskerstrang – Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning»

Jan Tore Sanner er Kunnskaps- og integreringsminister (Foto: Marte Garmann)

– Vi vil leggja til rette for meir praktisk læring i faga musikk, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse. Vi vil stimulera til kreative arbeidsformer, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (Høgre).

For å styrkja dei praktisk estetiske faga, ønskjer regjeringa også å leggja til rette for betre samarbeid mellom kulturskulen og skulen.

Meir fysisk aktivitet

Regjeringa ønskjer også å stimulera til meir fysisk aktivitet i skulen gjennom ei eiga satsing.

– Mange barn og unge bevegar seg for lite, samtidig som fysisk aktivitet er bra for både helse og læring. Dei nye læreplanane legg til rette for at meir fysisk aktivitet kan blir ein naturleg del av skulekvardagen utan at det går ut over metodefridomen til lærarane, seier Sanner.