WHO: Mikroplast i vatn har låg helserisiko

Det meste av den såkalla mikroplasten som blir svelgd og forlèt kroppen etter at han har gått gjennom fordøyingssystemet, ifølgje Verdshelseorganisasjonen.

Det viser nye undersøkingar som er gjort for å sjekke om mikroplast er farleg for helsa vår.

– Vi er ikkje redde på nokon som helst måte, sa Verdshelseorganisasjonen sin vassekspert Bruce Gordon i forkant av publiseringa av rapporten.

På grunn av dei låge risikoane, seier Verdshelseorganisasjonen at land ikkje bør bekymre seg for mikroplast i drikkevatnet. Dei bør heller gjere meir for å investere i vassystem for å fjerne skadelege mikroorganismar som gjer at 500.000 døyr av diaré kvart år. Rundt 2 milliardar menneske i verda drikk vatn som er forureina av avføring. Dette gjeld ikkje Noreg.

Verdshelseorganisasjonen understrekar at forbrukarar og styresmakter må redusere bruken for å verne miljøet.