Lea og Gunnar gir seg ALDRI!

Lea Regina Miradatter Transeth (13) og bror hennar Gunnar Thorsen (11) var med på å arrangere den første klimastreiken i Kristiansand tidlegare i år. Dei har ikkje tenkt å gi seg med det første, og skal absolutt streike igjen 30. august.

Det skjer ikkje ein dritt, seier Gunnar til Framtida junior. Vi streikar fordi vi vil bli høyrt.

Dei som styrer landet må gjere noko med klimaproblema. Dei må tenke gjennom kva som eigentleg skjer. Eg vil at dei skal bli lei av at barna streikar, seier Lea.

Lea og Gunnar starta saman med mor si, Mira Thorsen, Facebooksida Skolestreik for klima. Etter dei gjorde det eksploderte det av meldingar frå heile landet. Av folk som ville gjere akkurat som dei.

  • LES OGSÅ: Natur og Ungdom-leiar oppmodar til ny streik

Har turnert rundt for klimaet

Det er ikkje berre i heimbyen Kristiansand at Lea og Gunnar har vore aktive streikande.  

Dei har vore på klimastreiken i Berlin, og under streiken i Oslo utanfor Stortinget. Der heldt Lea til og med ein appell.

Å streike er så viktig. Det er jorda vi bor på det er snakk om, seier Gunnar.

APPELL: Lea og kompisen Amadeus heldt appell ved Stortinget på førre streik. (Foto: Privat)