Flest unge meiner det er greitt å droppe kjøtt

Vi må nytte jorda på eit smartare vis, og det betyr mellom anna at vi må ete mindre kjøtt, meiner ekspertane. Yngre er mest villige til å droppe kjøttet. 

Vi må dyrke meir plantemat i staden for kjøtt, meiner klimaforskarane.

Ein av forskarane er Bob van Oort ved Cicero Senter for klimaforskning.

– Med meir plantekost har vi mange moglegheiter, sa han til forskning.no då rapporten til FNs klimapanet vart vist fram. 

Må lage meir mat

Vi blir fleire og fleire menneske på jorda, og vi må lage meir mat enn vi gjer no, skriv Ung.Forskning.no. No dyrkar vi korn og grønsaker på berre ein tidel av landjorda. Halvparten av det vi dyrkar blir til fôr for dyra som skal bli menneskemat. Dyra vi et, tek mye plass på jorda, men dei slepp også ut metan. Metan er ein av gassane som forandrer klimaet.

Kan framleis ete litt kjøtt

Forskaren Bob van Oort trur ikkje vi kjem til å slutte heilt å ete kjøtt. Men vi kan ete mindre av det. Og vi kan velge kjøtt som skapar mindre klimagass-utslepp.

Det er veldig stor skilnad på klimagass-utslepp frå ulike typar kjøtt. Kjøtt frå okse og ku slepp ut mest klimagassar. Det blir kalla storfe-kjøtt. Svinekjøtt slepp ut mindre klimagassar enn storfe-kjøtt. Og kylling og laks slepp ut endå mindre enn svinekjøtt, ifølgje Bob. Men det som slepp ut minst klimagassar, er grønsaker og frukt som blir dyrka ute, seier klimaforskaren.