Møt veggis-krokodillane

Dei krokodilleliknande dyra som levde på dinosaurane si tid kunne gjerne ete planter, viser ny forsking.

Dagens krokodillar ser ikkje akkurat etter salat når dei er ute på jakt. Dei er rovdyr, og et kjøt. Men, slik har det ikkje alltid vore, skriv Forskning.no.

Forskararar har undersøkt eit utval krokodilletenner frå tidsalderen som blir kalla “Mesozoikum”. Den tidsalderen byrja for omlag 251 millionar år sidan, og slutta då dinosaurane døydde ut for omlag 65 millionar år sidan.

Insekter, planter og kjøt

Resultata frå den nye studien viser at dei krokodilleliknande dyra kunne ete svært variert kosthald. Forskarane har funne ut at dei kunne ete både planter, insekt og kjøt. Det har forskarane funne ut ved å oppdage at mange av dyra hadde ulike tenner som passar til ulike matvanar.