Klimaendringane skapar problem for torsken

I år er det torskekrise. Fiskebabyane får ikkje nok mat, og havforskarane trur det kjem av at det har blitt varmare i sjøen.

Ifølgje forskar Tore Johannessen, som jobbar ved Havforskningsinstituttet, er det mangel på mat til torsken i sjøen.

– Hovudårsaka er truleg at det har blitt varmare i sjøen i Sør-Noreg, seier Tore til Aftenposten.

Han seier klimaenringane kjem på toppen av utslepp frå industri, landbruk og bruk av fossilt brensel. Fossilt brensel er kull, olje, naturgass, oljeskifer og tjæresand.

Svelta ihel

I 2018 fann Havforskningsinstituttet nesten ingen småfisk som hadde fylt eitt år.

– Småfiskane og rekene som dei lev av, er sterkt redusert. Torskeyngelen har difor truleg svelta ihel, eller dei har blitt eten fordi dei blei svekka av for lite mat. Og uten eittåringar, blir det ingen toåringar, seier Johannessen.

Frå 15. juni har det vore forbode å fiske torsk langs kysten frå Telemark til svenskegrensa. Det gjeld for både folk som fiskar på fritida, og folk som jobbar som fiskarar.