Lagar vulkanar og eksploderande vatn på Noregs kulaste sommarskule

Nokre hundre heldige barn har fått vera med på Noregs kulaste sommarskule: Forskarfabrikken.

– No skal me laga sprettballar med ei 3000 år gamal oppskrift, fortel kursleiar Martine Molland og plandar eit pulver med latex med eddik, og blandar det godt saman.

Emma Angelika Økland Langli (10) får i oppgåve å rulla sprettballen mellom hendene.

– Det er klissete! seier ho.

– Berre rull rundt raskt, seier Martine.

Nokre minuttar seinare har ho ein fast sprettball til å spretta med.

Kursleiar Martine Molland viser ungane ei 3000 år gamal oppskrift på sprettballar. Foto: Svein Olav B. Langåker

Skulle ønskt meir eksperiment på skulen

Forskarfabrikken blir arrangert nesten 40 stader i Noreg i løpet av sommaren for elevar som skal byrja i 5.-7.klasse. På Stord blir det arrangert på høgskulen av Atheno og kring 25 elevar er med.

– No er me i gang med å dyrka krystallar, fortel Fride Antonsen Alsaker (11).

Både ho og Emma Angelika er glade for å få læra nye ting, og gjera eksperiment.

– Dei burde la oss få gjera fleire eksperiment på barneskulen, seier Fride.

– Det er jo ikkje alle som får vera med på Forskarfabrikken, legg Emma Angelika til.

Kursleiar Andreas Østensen hjelper Emma Angelika Økland Langli (10) å laga sprettballar. Foto: Svein Olav B. Langåker

Fekk lyst til å bli forskar

Fride fortel at det ikkje er alltid kvar dag ho gler seg til å byrja på skulen, men på Forskarfabrikken gler oss seg til kvar dag.

– Eg synest det er skikkeleg gøy, og eg sa til pappa at eg kanskje har lyst til å bli forskar når eg blir eldre. 

Her er Lucas Mæland Polden (10) er i ferd med å dyrka krystallar. Foto: Svein Olav B. Langåker
– Det finst så himla mange forskjellige typar steinar. Det er kjekt å læra namnet på fleire av dei, seier Lucas Mæland Polden (10) og viser fram steinsamlinga han fekk på Forskarfabrikken. Foto: Svein Olav B. Langåker