900 menneske har drukna i middelhavet

Så langt i år har kring 900 menneske drukna eller sakna etter dei prøvde å flykta over Middelhavet.

Det er det lågaste talet på fleire år, ifølgje FN. Leger uten grenser har no sendt ein norsk båt for å redda fleire frå drukningsdøden. Talet på folk som prøver å ta seg over Middelhavet frå Afrika og Asia har også gått ned.