– Vi må begynne å tenke no!

– Så gøy, seier Natalie Hausken Hansen (12) då Framtida Junior ringer henne og fortel at ho er vinnar av skrivekonkurransen. – Det er eit viktig tema. Om nokren år kan alt vere forseint. Vi må begynne å tenke no!

Natalie har skrive ein tekst om klimaendring og forsøpling.

Mange er flinke til å tenke på det som skjer, men det er ikkje bra nok, seier Natalie.

Les vinnarteksten:

Har vi eigentleg kontroll?

Av: Natalie Hausken Hansen, 12 år, Garnes skule

Kloden – kloden er blitt eit kjempestort tema i det siste. Kloden er nesten det einaste vi snakkar om i desse dagar. Om all den forsøplinga og alle klimaendringane som vi menneske har forårsaka. Og tenk – no håpar dei vaksne at den nye generasjonen av menneske skal ordne opp i alt dette. Det som dei før oss har rota oss opp i. Dersom ingen finn ei løysning så kjem det til å gå ut over fleire dyreartar, oss menneske og ikkje minst jordkloden.  

Det er veldig mange vaksne og born som seier at dei skal bli betre på å ikkje kaste så mykje mat eller bruke så mange plastposar. Og det er jo bra, men sjølv om folk seier at dei skal bli betre på å ikkje bruke så mykje plast, så ser vi ikkje akkurat ein forskjell. Folk brukar akkurat like mykje plast som dei gjorde i fjor. Men som dei fleste veit så kan det ikkje vere berre eit fåtal av menneska som sluttar å ete kjøt, reise med fly eller køyre bensin- og diesel-bil. Det er ikkje nok, om det skal bli ein forskjell så må alle hjelpe til. 

Men påverkar forureininga eigentleg jorda? Det er vel ingen som kan vite kva som kjem til å skje i framtid. Kanskje den er blitt brun av all forureininga eller er full av boss. Ingen veit noko med sikkerheit. Av og til kan det virke som om ingen bryr seg om naturen. Dei fleste kastar plast i naturen utan å vite konsekvensane for det. Dei aller fleste tenkjer sikkert at det går fint den eine gongen, men til slutt blir det ein vane og vi kastar meir og meir boss. 

(Teksta held fram etter bilete).

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Vi ser alt for ofte bilete av strender med store mengder boss. No er det blitt vanleg å finne mange daude dyr som anten er dekka av plast eller har fullt av plast i magen sin. Kva synes du om det? Kvifor er forsøpling eit problem i våre dagar? Eg trur det kan skuldast mange grunnar, men ingen veit heilt sikkert. Heilt ærleg så trur eg at vi i dagens samfunn er ganske late, at vi rett og slett ikkje gidd å gå og bære på boss heilt til vi finn eit bosspann. Eg kan innrømme ein ting, og det er at eg har kasta boss i naturen. Så eg kan ikkje klage på nokon som helst, sidan eg er akkurat like lat som absolutt alle andre folk i denne verda. Men eg synest at det som er rett no er å gje ein liten påminning om kor vakker naturen og dyra våre eigentleg er, sånn at vi ikkje skal øydeleggje det rundt oss meir enn vi allereie har gjort. Spørsmålet er kva som skjer dersom vi held fram sånn som no?

Er vi eigentleg så dumme at vi lurer oss sjølve og trur at alt vil gå bra?

Vi menneske tenkjer jo nesten berre på oss sjølv Mange synes at dyr har eit mykje mindre verdig liv enn oss menneske.  Kva tenkjer du om det? Når vi kastar plast i naturen, døyr utruleg mange dyrearter, men synes du det er greitt at dyr skal lide for våre handlingar? Det står blant anna i avisa at om tretti år, altså i 2050, så skal det vere meir plast i havet enn det er fisk. Kva er det vi held på med? Har vi eigentleg øydelagt jorda? 

Det er ein ting vi må hugse på, og det er at alt som har skjedd no eller som kjem til å skje, er vi alle ansvarleg for! Vi kan ikkje fortsetje med det vi held på med.

Illustrasjonsfoto: Colourbox