Har du møtt på kyr og lurer på kva du skal gjere?

Her er nokre ku-vett-reglar som du kan følgje. Bakgrunnen er at fleire dei siste åra har blitt angripne av kyr med kalvar.

Kuvettreglane

1. Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.

2. Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og skape uønskte situasjonar.

3. Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å verje han.

4. Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. (Hugs bandtvangen 1. april til 20. august.)

5. Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. (Du kan hente utstyret etter at kyrne har gått.)

6. Viss du opnar ei grind, lukk ho igjen òg! (Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område der dei ikkje skal vere, og som kan vere farleg for dei og andre.)

Paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv har gått saman med Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget, Tyr, Tine og Geno om kuvettreglar for folk på tur.