Kvifor nikkar vi for «ja» og ristar på hovudet for «nei»?

Svaret kan ein finne i morsmjølka.

Charles Darwin av ukjend opphavsperson (Public domain)

Charles Darwin var ein britisk naturforskar som levde på 1800-talet. Han kom fram til at risting betyr «nei» i veldig mange ulike kulturar. Men det gjeld ikkje overalt, skriv forskning.no.

I Bulgaria er det faktisk omvendt. Her ristar dei på hodet når dei vil seie «ja», og nikkar når dei vil seie «nei».

Morsmjølka kan vere ei forklaring på risting

Henrik Høgh-Olesen, psykologiprofessor frå Danmark, meiner at å riste på hovudet for å seie «nei» kan ha noko med amming å gjere.

– Vi har det jo med å riste på hovudet når noko plagar oss, og ikkje berre når vi vil seie «nei». Når vi ikkje vil ha noko å ete, ristar vi på hovudet, fortel Høgh-Olesen.

– Så den rørsla ser ut til å vere medfødt. Eller så kjem den iallefall frå eit veldig tidleg stadium, når ein ikkje ville ha mjølk, legg han til.

Nikking og «ja»

Når det kjem til nikking er Høgh-Oelsen litt usikker.

– …Vi nikkar når vi helser på kvarandre for å signalisere at vi er fredelege og ikkje vil utfordre den andre, seier han.

– Vi nikkar òg når vi er samde i andre sitt synspunkt, og underkastar oss, legg han til.

Ein annan teori knyter seg òg til morsmelken. Som går på at spedbarn, som ikkje ser så godt endå, søker brystet til mora ved å røre hovudet oppover.

I desse landa betyr nikking «nei» og å riste på hovudet «ja»:

  • Albania
  • Bulgaria
  • Hellas
  • Visse områder i Sør-Italia
  • Iran
  • Libanon
  • Syria
  • Tyrkia
  • Egypt