No blir det slutt på pelsdyroppdrett

I Noreg finst 168 pelsdyrfarmar med sølvrev, blårev og mink. No har regjeringa bestemt at dei ikkje får halde fram med å drive oppdrett av dyr for å selge pelsen.

Dyra på pelsdyrfarmane lev heile livet i bur, fram til dei vert avliva. Då blir pelsen solgt for å lage kåper, kragar på vinterjakker og andre pelsprodukt.

Menge meiner det er dyreplageri å halde dyr i bur.

Bøndene, som driv med oppdrett av pelsdyr, er i mot forbodet fordi det fører til at dei misser jobben.

Lang tid med protestar

Folk som jobbar med dyrevern har protestert mot oppdrett i mange år. Dei meiner dyra ikkje har det bra i små bur. Dei har også filma at enkelte bønder ikkje passar godt nok på at dyra har det bra. I desse filmane kan ein også sjå dyr som plagast av å leve i små bur.

No har regjeringa bestemt at det er dyra si helse må komme fyrst, og at bøndene må få eit anna arbeid dei kan leve av. Det skal politikarane hjelpe dei med. Innan 2025 skal alle pelsdyrfarmar vere borte.