Kva er latter?

SJÅ VIDEO: Kvifor opnar vi munnen og lagar høge lyder når noko er gøy?

– Latter er eit sosialt verktøy for å skape god stemning, seier Dag Hessen til Ung.Forskning. Han er biolog og forskar ved Universitet i Oslo.

– Når du ser eit ansikt, skjønar du fort om dette er eit menneske som vil deg vel eller ikkje. Ein kan bruke latter til å gjere spente situasjonar meir avslappa, seier Dag.

Dag trur lyden i latteren er noko vi menneske har starta med. Kanskje hadde vi berre ansiktsutrykk før vi la til lyden. Han meiner det kan ha blitt slik fordi latter med lyd kan bli høyrt av mange.

Lur grunn

– Det kan hende at latter ikkje har noko klar funksjon. Kan hende det hadde vore nok å smile og ha eit vennleg ansikt, seier han.

– Vi som arbeider som biologar likar å tenkje at alt er til for noko. Difor trur eg at latteren vår har ein logisk grunn som har vore lur for oss, seier han.