Isaac Newton – ein av vår tids største vitskapsmenn og matematikarar

Når du høyrer namnet, Isaac Newton, tenkjer du kanskje på eit eple som fell mot bakken. Du tenker med andre ord på tyngdekrafta.

Pixabay

Newton var ein engelsk matematikar, fysikar, astronom, alkymist, kjemikar, oppfinnar og naturfilosof. Han er den største fysikaren ved sidan av Albert Einstein.

Newton er mest kjend for gravitasjonen (tyngdekrafta) og rørslelovene.

Gravitasjonen

Det er her eplet kjem inn. Om du kastar eit eple opp i lufta blir det trekt mot jordkloden på grunn av gravitasjonen. Gravitasjonen held jorda på plass i banen rundt sola. Den hindrar også atmosfæren, havet og menneska frå å drive ut i verdsrommet. Det er gravitasjonen som dreg regnet mot elvane, og vidare mot havet.

 

Rørslelovene

Det er lover for korleis ting flyttar seg.

Du har kanskje sett Newtons vogge? Om du har fire kuler på rad, og slepp den første kula mot kulene, vil berre den siste kula flytte på seg. Newton viser at kulene i midten vil stå i ro eller flytte seg i ei rett linje, fram til ei ytre kraft påverkar dei. Den viser korleis tregleikslova fungerer.

Newtons vogge. (Foto: DemonDeLuxe / Wikipedia/ CC BY-SA 3.0)