Dei fleste norske barn har det veldig bra

Det viser svara frå over 15.000 barn mellom 10 og 12 år som har delteke i spørjeundersøkinga Ungdata junior.

– Dei fleste er nøgd med livet, fortel leiar av Ungdatasenteret, Anders Bakken til Forskning.no.

Dette kom fram i undersøkinga:

  • Dei aller fleste har nokon på sin eigen alder å vera saman med.
  • Mange seier dei trivst på skulen
  • Dei opplever at lærarane bryr seg om dei.
  • Dei aller fleste er også svært aktive på fritida, og så mange som 84 prosent er med på ein fast fritidsaktivitet.

Men ikkje alle har det like bra.

– Det finst ein del barn som kjenner på einsemd, manglar vener, blir mobba, har eit dårleg sjølvbilete, eller er ofte lei seg, fortel Anders.

Forskarane meiner det er viktig at barna som har det slik får god hjelp.