Skrivekonkurranse: Kva meiner du?

Framtida junior lyser ut ein skrivekonkurranse til alle barneskular, med fine premiar. Målet er å skapa skrivelyst og skriveglede på nynorsk. I tillegg til fine premiar kan tekstane også bli trykt i Framtida junior.

Frist for å levere er 20. juni

Premiar: 1. premie: 500 kroner og abonnement på Framtida junior i 2 månader.

Alle klassar som er med i konkurransen er med i trekkinga på klassesett av papiravisa.

Slik gjer du det:

  • Du må velje mellom to oppgåver.
  • Du kan velja å skrive som faktaartikkel, avisinnlegg eller dikt.
  • Oppgåva må skrivast på nynorsk.
  • Gå gjennom kriteria før du sender teksten.

Du kan velja mellom desse oppgåvene

OPPGÅVE 1: Draumeskulen din

Tips til kva du kan skrive om:

– skriv eit lesarbrev om kva skulane og kommunane kan gjera for at fleire elevar kan trivast på skulen

– skriv eit ope brev til kunnskapsministeren, statsministeren eller ordføraren der du prøver å overtyda dei om kvifor det bør bli gratis skulemat.

– skriv eit lesarbrev om kva lærarane, skulane eller kommunane kan gjera for å tilpassa undervisinga til kvar elev?

OPPGÅVE 2: Klima og miljø

Tips til kva du kan skrive om:

– skriv eit ope brev til ordføraren din eller statsminister Erna Solberg der du skriv om kva du meiner dei bør gjera for å redusera klimautsleppa i kommunen din og i Noreg.

– skriv eit lesarbrev til Framtida Junior om kva du meiner barn og vaksne kan gjera for å vera meir miljøvenlege.

 

Dette  vere med Eg har med (kryss ut)
Eg har ei overskrift som passar til teksten.
Oppgåvenummeret står tydeleg merka.
Namnet mitt, alder og skulen sitt namn står under overskrifta. (Umerka tekstar kjem ikkje på trykk)
Eg har valt ein sjanger som eg kjenner meg trygg på.
Eg har skrive ein samanhengande tekst. (Dette gjeld ikkje om du har skrive dikt).
Eg har brukt skriftstorleik 12.
Eg har brukt fonten – Times new roman
Teksta bør vere mellom 100 og 350 ord.
Eg har fått godkjenning av føresette at namnet mitt kan koma på trykk.
Eg sender det til junior@framtida.no og merker emnefeltet med SKRIVEKONKURRANSE. Lærar kan sende ein felles epost for klassen, men då MÅ kvart dokument vere merka med eleven sitt namn.