Frå før er det 36 vindkraftverk i Noreg. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det vil mest truleg bli sett opp endå fleire vindkraftverk framover.
Vindkraft skal erstatte fossilt brensel
Vindkraft skal erstatte fossilt brensel. Det er stoff som olje, kol og naturgass som ikkje er bra for klimaet. Frå 2021 kan vindmøllene gi nok straum til over éin million nordmenn, og det aukande talet på elbilar i landet.
Miljøstiftelsen Zero seier dette er ein siger, men Naturvernforbundet varslar kamp for å stoppe dei planlagte vindkraftverka. Dei meiner at altfor mange naturområde i Noreg blir øydelagt med dei nye vindmøllene.
Her skal det byggast vindkraftverk
- Finnmark: Dønnesfjord vindpark
- Troms: Sørfjordfjellet vindpark, Kvitfjellet/Raudfjellet vindmøllepark
- Trøndelag: Hundhammerfjellet vindpark, Sørmarkfjellet vindpark, Harbakfjellet vindkraftverk, Kvenndalsfjellet vindpark, Frøya vindpark, Hitra 2 vindpark, Geitfjellet vindpark, Stokkfjellet vindkraftverk, Storheia vindkraftverk.
- Møre og Romsdal: Haram vindkraftverk.
- Sogn og Fjordane: Okla vindkraftverk, Hennøy vindpark, Guleslettene vindpark. Lutelandet vindkraftverk.
- Hedmark: Kjølberget vindkraftverk.
- Rogaland: Måkåknuten vindkraftverk, Gismark vindkraftverk, Tysvær vindkraftverk, Vardafjellet vindpark, Stigafjellet vindkraftverk, Bjerkreim vindpark, Vardafjellet vindpark.
- Vest-Agder: Buheii vindpark, Tonstad vindkraftverk.
Kilde: NVE.