Denne månaden er det ramadan

Mange muslimar verken et eller drikk på dagtid frå sundag 5. mai til måndag 3. juni. Kvifor er det slik?

Ramadan er ein heilag månad for muslimane. I Koranen, som er muslimane si heilage bok, står det at dei som trur skal ete til spesielle tider denne månaden. Det vert kalla “faste”, og tyder at dei ikkje kan ete mellom soloppgang og solnedgang.

Ramadan (arabisk: رمضان) er den niande månaden i den islamske kalenderen. Ordet «ramadan» kjem frå ordet «ramiḍa» eller «ar-ramaḍ», som betyr «brennheite» eller «tørke».

Muslimane fastar denne månaden fordi Muhammed ifølgje islamsk tru mottok sin første openberring på denne tida.

Barn treng ikkje faste

Fasten er obligatorsk for vaksne muslimar, men sjuke, eldre, reisande, diabetikarar, gravide, ammande og menstruerande kvinner må ikkje faste.

Barn treng ikkje faste fram til dei når puberteten, men kan viss dei klarar og ønskjer det.

Gravide kan faste etter barnet er født, og det same gjeld reisande folk og menn i krig. Sjuke kan velge å  betale mat for ein fattig i staden for å ta att fasten seinare. Om nokon ufriviljug må bryte fasten undervegs, kan dei ta att dei dagane seinare.

(Kjelde: Wikipedia)