Ein av tre har ingen å snakke med om sex, kropp og kjensler

Kunnskapsdepartementet innrømmer at undervisninga er for dårleg.

Saka var fyrst publisert på NRK.no

Newton har spurt ungdomar kven dei snakkar med om kropp, sex og kjensler.

Der kjem det fram at halvparten seier dei snakkar med vener. Nokre få snakkar med foreldre, helsesjukepleiar eller lærar.

Ein av tre snakkar ikkje med nokon i det heile tatt.

Nye læreplanar

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Rikke Høistad Sjøberg, fortel til NRK at læreplanane ikkje er gode nok. Derfor skal dette bli betre i dei nye læreplanane som skal gjelde frå hausten 2020.