Bokslukarprisen: Dette er favorittboka

– Boka var så bra at ho til og med gav mareritt, fortalde juryen då Ingen skal sove trygt i natt av Mari Moen Holsve fekk Bokslukarprisen

Mari Moen Holsve var ein av fem superfinalistar og var favoritten blant juryen av Bokslukarprisen 2019.

80 000 elevar i Noreg las antalogien (samlinga) av bøker utgitt i 2017 og 2018. Av desse blei fem bøker superfinalistar, som igjen skulle bli lesne av ti juryklasser.

Boka som Mari har skrive skapar nysgjerrigheit, er full av action og er svært spanande. Ei skikkeleg grøssarbok!

Forfattaren skriv levande

EIT UTVAL AV JURYEN: Kristine Magnesen var programleiar og saman med representantane av juryklassene fekk vi grunngjevinga. (Foto: Framtida junior).

Juryen fortalde at medan dei las denne boka blei dei veldig nysgjerrige. Dei las, snakka og klarte ikkje sleppe taket. Det må vere eit teikn på ei god bok.

– Vi fekk grøssningar nedover ryggen og hjartet galopperte, fortel juryen.

– Forfattaren skriv så levande at det kjennest ut som vi var i boka.

– Å lese boka var som å sjå ein film, bak orda, fortel juryen.

Ein skjelvande vinnar

SKJELVANDE VINNAR: Mari Moen Holsve viste at ho skalv, etter at juryen fortalte henne at ho var vinnaren.

Mari fekk ein fullsett sal i Oslo til å juble, og det var tydeleg at denne boka var favoritten for veldig mange.

– Så kult at de fekk mareritt, det var planen min, sa Mari då ho tok i mot blomster og eit diplom på scenen.

– Eg har ikkje ord! Eg skjelv og er veldig, veldig glad!

Dette var dei fem superfinalistane:

  • Kokotopia. Riddere, hekser og prikkedøden av Simon Stranger og Helena Lindholm. Fontini, 2018
  • Zombieutbruddet. Byrået for ikke-hendelser av Robert Næss. Juritzen jr. 2017
  • Anton og andre flokkdyr av Gudrun Skretting. Aschehoug 2017
  • Bobla av Siri Pettersen. Gyldendal 2017
  • Ingen sover trygt i natt av Mari Moen Holsve. Cappelen Damm 2017

Juryklassene var:

Ellingsrudåsen skole (Oslo)
Hasle skole (Oslo)
Kirkenær skole (Hedmark)
Lysheim skole (Vestfold)
Mellom-Nes skole (Akershus)
Risør barneskole (Aust-Agder)
Silsand barneskole (Troms)
Sunde skole (Vest-Agder)
Valldal skule (Møre og Romsdal)
Vanvikan skole (Trøndelag)