Dette er barnas valekspertar

Til hausten er det lokalval. Det er berre dei over 18 år som kan røyste, men ni barn og ungdomar er med på Barnas val for å bli ekspertar på kva demokrati betyr.

Andreas Edvardsen Sundgot (14) frå Ulsteinvik, Ane Loraas Hertzberg (13) frå Drammen og Cecilia Kristin Lövström (14) frå Molde er tre av dei ni utvalde som er med i Barnas val.

– Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme, seier 14 år gamle Andreas Edvardsen Sundgot.

Han er éin av ni ungdomar som har reist til Oslo for å lære kva det vil seie å vere ein Barnas valekspert.

– Eg synest det er viktig at unge også engasjerer seg i politikk, fordi då veit dei vaksne at vi har ei stemme og vi er engasjerte. Dei kan ikkje berre unnlate å høyre på kva vi meiner, seier Cecilia Kristin Lövström (14).

Her kan du sjå kor alle ekspertane kjem frå

(Klikk på kartet for å sjå bilete)

– Du må ikkje krangle sjølv om du er politikar

På sitt første møte har dei lært korleis dei som unge kan få politikarane til å lytte og ta omsyn til barn og unge sine meiningar.

Ungdomane lærer korleis dei skal få med seg andre ungdomar på heimstadane sine, kor viktig det er å seie frå til politikarane at «det der skjønte eg ikkje», og korleis dei kan arrangere positive debattar – for du må ikkje krangle sjølv om du er politikar.

– Eg håpar eg kan bli superinspirert, og ta den informasjonen vi har lært og bringe den vidare til dei i Molde. Dei treng ein inspirasjonsboost, seier Cecilia.

Stian Barnes-Simonsen har eit eige program på YouTube som handlar om barnas val.

(Saka held fram under videoen).

Politikk er gøy

Sjølv om dei ikkje sjølve er gamle nok til å stemme, er det grunn til å bry seg om kva politikarane seier og gjer.

– Vi lever i same samfunn, så det er viktig og få alle sine perspektiv, seier Ane Loraas Hertzberg (13).

Er det ein ting valekspertane er samde om, så er det at politikk er langt frå kjedeleg.

– Eg håpar eg har lært korleis eg kan inspirere andre til å vere meir engasjert i politikk, og til å sjå på politikk som noko gøy, og ikkje noko kjedeleg og kranglete. Noko som alle burde vere med i, Ane.

Dei ni ekspertane fekk ei helg proppfull av mykje læring, men dei var også innom Freia-butikken på Karl Johan.