«Nei, nei, gutt! Dette må bli slutt»

I dei fleste klasserom i Noreg dukkar spørsmålet om luebruken opp. Det gjer det dagleg på Bogstad skole, fortel Eirin.

På skulen vår er det nulltoleranse til hovudplagg. Det gjeld caps, buff, lue og panneband, fortel Eirin.

Eirin er kontaktlærar for 7. trinn og har daglege samtalar med elevane om dette.

Ja, det skjer kvar time, kvar dag. Iallfall no når det er kaldt ute, seier ho.

(Saka held fram etter avstemminga)

Får du bruke lue i klasserommet?

Får du bruke lue i klasserommet?

Ja...41
Nei!329
Kjem an på...18
Veit ikkje8
Svar totalt: 396

Kvifor er det ikkje lov?

Eg synest at det burde vere lov, seier Vetle.

Det er praktisk for då veit ein kvar lua er, og ein misser den ikkje. Og om ein er misfornøgd med hårsveisen kan ein skjule den, fortel han.

Det er eit skilje mellom inne og ute, meiner Eirin.

Det handlar litt om respekt, og det å ikkje gøyme seg under ei hette eller lue. Ein skal ikkje ha yttertøy inne, for då kan ein bli kald når ein skal ut i friminuttet.

I kyrkja og andre religiøse bygg forstår eg at ein må ta av lua for å vise respekt. Men skulen er ikkje eit religiøst bygg, seier Vetle.

Når ein er så gamal som eg er, så veit eg at eg ikkje skal verken gøyme meg bak ei lue eller fikle med den. Ein er stor nok til å følgje med, seier han.

Einige blir dei nok ikkje, men elevane gjer som Eirin seier. Og dei som ikkje gjer det, dei nappar ho lua av.

Nei, nei, gutt

Av: Margrethe Munthe

Nei, nei, gutt,

dette må bli slutt!

Ikke storme inn i stua

før du har tatt av deg lua!

Glemte du det rent?

Det var ikke pent.