Ein av vinnartekstane

Tale Rasmussen er ein av vinnarane i Tid-for ti-konkurransen som Framtida Junior, Magasinett og Foreningen Les! står bak. Tale har skrive ein tekst om korleis mennesket fungerer. Nettopp som ei såpeboble.

Oss menneske er litt som såpebobler i vinden

Oss menneske er litt som såpebobler i vinden, såpebobler flyr fint gjennom lufta dei første sekunda dei er blåsne, deretter flyr dei opp i lufta heilt til dei møter det punktet der dei sprekk. Så sjå på oss som såpebobler og sjå på kjensler som vind. Når det oppstår eit problem legg vi ei boble rundt oss. Bobla skjuler alt det vi følar, kjenslene bygger seg opp og blir mektige nok til å sprekka bobla. Då dett vi saman og det kjennest ut som at det beste å gjere er å legge seg under ein stein. Der ligg vi, under ein stein og ventar på å bli blåse opp igjen.

Tale Rasmussen (12), Den norske skolen i Malaga

Framtida vil publisere dei tre vinnarbidraga. Dette er det første som er publisert.