Du kan lære meir om verda av å lese fantasy-bøker

Ny forskning viser at fantasy-litteratur er meir enn skrekk og gru eller riddarar og drakar. Det er og ei forteljing om utviklinga av identitet og personlegdom hos barn og unge.

Dei nye studia viser at fantastisk litteratur er meir enn skrekk og gru, meir enn drakar og riddarar og meir enn skjulte forteljingar om utviklinga av identitet og personlegdom hos barn og unge.

– Den fantastiske litteraturen vil også formidle noko om aktuelle problemstillingar i samfunnet. Dette kan gjere han tidsrelevant, men også kunstnarisk problematisk, seier forskar Svein Slettan.

Denne originale saka er skriven av Universitetet i Agder.

Harry Potter og Dustefjerten

Mange av dei mest kjende barne- og ungdomsbøkene er fantastisk litteratur. Harry Potter-bøkene av J. K. Rowling, «Sofies Verden» av Jostein Gaarder, Dustefjerten-bøkene av Rune Belsvik, «Mio, min Mio» av Astrid Lindgren og Ole Brumm-bøkene av A. A. Milne er nokre døme.

Felles for dei ulike bøkene innanfor fantastisk litteratur er at dei på eit eller anna vis bryt med ei realistisk framstilling og ei enkel etterlikning av den verda vi kjenner frå før. Denne litteraturen lagar si eiga verd.

– Fantastisk litteratur etablerer gjerne eit magisk eller eventyrleg univers som følgjer sine eigne reglar. Dette universet kan vere ei heilt eiga verd utan kontakt med det vi vanlegvis reknar som normalverda, eller det kan ha ei dør, ein portal eller andre måtar personane i boka kan bevege seg mellom normalverda og den magiske verda, seier Slettan.