6. trinn hadde internett-stopp: – Eg trudde først det var tull

I to veker har 6. klassingane ved Lysejordet skule ikkje fått bruke internett. Det betyr ingen tilgang til YouTube, internett-spel eller sosiale medium.

Bakgrunnen for aksjonen var at ordbruken blant elevane på trinnet hadde byrja å bli svært stygt.

I tillegg var det ein del problem mellom elevane på dei sosiale media som fortsette når dei kom på skulen. Noko måtte gjerast. Kontaktlærar Annette og kollegaane arrangerte eit foreldremøte og informerte om utfordringa: Å ha internett-stopp i to veker.

Stod i ring og var sure

Eg trudde først det var tull, og var sur heile kvelden, seier Synne.

Læraren forstår at elevane blei frustrerte, men ho er glad for at dei klarte å prosjektet.

I friminuttet første dagen stod dei i ring og følte skikkeleg synd på seg sjølve, seier ho.

Ting endra seg raskt

Men så skjedde det noko med alle elevane. Dei merka at skjermen hadde stole enormt mykje tid av kvardagen. For Synne var det nesten som å vere på hyttetur, då mormor og morfar sette i gang med aktivitetar.

Eg trudde eg kom til å kjede meg, men så forstod eg at det var så mykje anna ein kunne gjere. Besteforeldra mine bur saman med familien min. Mormor fann fram strikketøy til meg, og morfar spelte brettspel saman med meg.

Mathilde S-P. merka at ho fekk veldig god tid på morgonen.

Og om kveldane fekk eg lagt meg tidlegare, for eg brukte ikkje så mykje tid på mobilen.

Eg var på fotballbanen nesten kvar einaste dag. Der samla det seg også mange frå klassen. Det likte eg veldig godt, seier Henrik.

Ein kan fort føle seg utanfor når samtalen i friminutta berre dreier seg om ting ein har sett på YouTube eller i spel. I denne perioden har alle hatt noko å snakke om, seier Jonathan.

Meir positive elevar

Det er rart å seie det, men elevane har vorte mykje blidare. Dei er meir, og merksame. Det er ein positiv aura i klasserommet, seier Annette.

Framtida Junior møtte elevane siste dagen av aksjonen. Sjølv om alle elevane er veldig positive over det dei har opplevd, så skal alle heim og skru på internettet.

Eg skal heim og spele Fortnite. Det kom ein ny sesong medan vi hadde internett-nekt, så no skal eg teste han ut, seier Anders.

Og eg skal sjekke nokre YouTube-filmar som eg har gått glipp av, seier Mathilde.

Det klør ikkje like mykje i Henrik sine fingrar.

Eg kjem ikkje akkurat til å springe heim for å sjekke, men klart det blir fint å slå på internett igjen.

Så mykje tid bruker barn 9-18 år kvar dag:

  • 49 % brukte mobilen to timar eller meir
  • 30 % brukte sosiale medium meir enn to timar.
  • 40 % spelte spel mindre enn to timar.
  • 54 % såg på film/TV mindre enn to timar.

Kjelde: Medietilsynet