«ZombieLars» er for skummel for svenske barn

Etter at SVT (svensk-TV) sendte ein episode av «ZombieLars» har dei fått mange klagar.

Det er fyrste gong, skriv VG.no, at eit barneprogram har vorte felt for å vere for skremande til å vise for barn.

VG skriv vidare at SVT skal sjekke korleis dei skal handtere situasjonen på best mogleg måte.

I klagane kom det fram at serien var skremande og skildra realistisk vald utført av barn. Det kom også opp at det var fare for å normalisere vald, og at barn kan bli påverka.

«ZombieLars»  handlar om 11 år gamle Lars som er halv menneske og halv zombie.

Er «ZombieLars» for skummel?

Er «ZombieLars» for skummel?

Nei, absolutt ikkje.484
Njaaa... litt, kanskje21
Ja!65
Forstår at noen mener det23
Det er berre oppdikta16
Svar totalt: 609