– Vi er her for å kjempe for framtida vår

Aldri før har barn og unge gjort større opprør. Over 1,4 millionar elevar har streika for eit betre klima.

Berre her i Noreg er det over 36 000 elevar som har vore ute og vist at dei bryr seg.

Klare for å kjempe

Utanfor Stortinget i Oslo møtte vi mange elevar som var klare til å vise at dei bryr seg.

– Vi er her for å kjempe for framtida vår, seier Zaida.

– … og for klima, legg Ziva til.

I dag vil dei heller streike for klima enn å ha matte, gym og norsk.

– Vi skulkar skulen fordi vi vil forbetre miljøet, seier Even Kvammen, heilt til venstre på benken. (Foto: Andrea Rygg Nødtveit)

– Kvifor studere, om vi ikkje har ei framtid?

– Vi skulkar skulen fordi vi vil forbetre miljøet, seier Even Kvammen.

Han går i sjetteklasse på Tonsenhagen skule. Eigentleg skulle han og dei andre klassekameratane hatt musikk, norsk og matte, men foreldra deira har tatt dei med til Stortinget for å delta på skolestreik for klima.

– Kvifor studere, om vi ikkje har ei framtid? spør dei.