Svenske Greta Thunberg (16) er nominert til Nobels fredspris

– Det er ei ære å bli nominert, seier den unge klimaaktivisten.

Fakta om Nobels fredspris:
  • Alfred Nobel var ein svensk kjemikar, ingeniør, oppfinnar og filantrop. Å vera ein filantrop betyr at dei gjer gode handlingar utan å tenkje på eiga vinning.
  • Nobels fredspris er ein av fem prisar Alfred Nobel oppretta i sitt testamente.
  • Prisen vert delt ut av Den norske Nobelkomite.
  • Prisutdelinga skjer på Nobel sin dødsdag 10. desember kvart år.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

SV si stortingsgruppe har nominert klimaaktivisten Greta Thunberg til Nobels fredspris. Stortingsgruppa meiner det viktigaste vi kan gjere for å skape fred er å stoppe dei farlege klimaendringane.

Til Aftonbladet seier 16-åringen at det er ei ære å bli nominert til prisen.