Kribling i hjernen

Har du fått med deg YouTube-fenomenet som gir deg kriblingar i hjernen? Då må du sjekke ut ASMR på YouTube.

ASMR står for «Autonomous sensory meridian response”, og er eit konsept som har fått mykje merksemd dei siste åra. Det vert beskrive som ei behageleg kjensle, som blant anna har evna til å redusere stress.

Ei slags kribling i hjernen

Kjensla kan tilsynelatande opplevast som ei kribling, som startar i hjernen og beveger seg ut til hender og føter. På grunn av dette vert den gjerne også kalla for «hjerneorgasme».

Det er mange forskjellige ting som kan utløyse denne kjensla. Låg kviskring, lydane av kvasse negler mot ei bordplate eller høge tyggelydar er eksempel på dette.

Enkelte vel å dele inn lydane i to kategoriar; våte lydar, som smatting eller eting, og tørre lydar, som skraping eller kviskring.

ASMR oppstod i Asia, og har no spreidd seg til alle delar av verda. Det er eit nokså spesielt konsept, og det har som du sikkert skjøner vekt mykje oppsikt.

Enkelte tykkjer det er heilt horribelt, medan andre elskar det.

Får deg til å slappe av

Å høyre på ASMR når du skal leggje deg skal visstnok resultere i at ein sovnar fortare, og at ein søv betre. Det er også mange som elskar å kople av med litt ASMR på øyret, etter ein lang dag gjerne fylt med skule og trening.

Sjølv stillar eg meg skeptisk til dette; når eg skal slappe av orkar eg verkeleg ikkje at folk skal smatte meg i øyret! Men, me er jo alle forskjellege.

Hjelper mot angst og depresjon?

Det vert også hevda at ASMR kan hjelpe dersom ein slit med angst eller depresjon. Likevel vert det understreka at det ikkje er ein erstatning for profesjonell hjelp. Det er gjort lite forsking på ASMR, så ingen veit heilt sikkert kvifor nokon reagerer slik dei gjer. Enkelte meiner at videoane kan minna om barndomen, for eksempel dersom du hugsar at mor di gjorde dei same handlingane då du var barn, kan du oppleve ei roleg kjensle.

AMSR-tist

Det har i det siste vorte svært populært å lage YouTube-videoar, som har som mål å utløyse denne kjensla. Dei som lagar dei, vert på fagspråket kalla ASMR-tist, og enkelte har fleire millionar «views»!

Sjølv om eg i utgangspunktet ikkje er ein enorm ASMR-fan, likar eg godt jenta bak YouTube-kanalen «Life with MaK». Videoane hennar er verkeleg noko for seg sjølv, ja, ho er rett og slett ikonisk!

Saka stod fyrst på trykk på Framtida.no