Denne vesle brikka kan bli din nye lege

Forskinga til 28 år gamle Nikolai Helth Gaukås ved NTNU skal gjere det mogeleg å produsere miljøvenleg og billeg straum inne i kroppen din.

Nikolai Helth Gaukås var ein av finalistane i Forskar Grand Prix 2018. (Foto: Julie Gloppe Solem/NTNU)

Straumen kan brukast til å driva små måleapparat som kan opererast inn i kroppen.

Saka stod fyrst på trykk på Framtida.no

– Kroppen vår er ei fantastisk maskin. Den kan snakke, tenke og lækje seg sjølv. Men vi brukar maskiner til å hjelpe kroppen: Bilar når føtene ikkje strekk til, og kalkulator når hovdet vårt ikkje klarer å rekne. Kvifor skal vi avgrense oss til maskiner og duppedittar rundt oss, kvifor ikkje inni? spør Nikolai Helth Gaukås.

28-åringen er stipendiat ved Institutt for materialteknologi ved NTNU.