Vil høyre nynorsk og samisk i «Frost 2»

I desember kjem oppfylgjaren til Disney-suksessen «Frost». No vil Mållaget at filmen skal visa fram at nordmenn snakkar ulike dialektar og samisk.

«Frost» er den animasjonsfilmen fram til no som har spelt inn mest pengar, og musikken til filmen har vorte strøymt to milliardar gonger på nettet.

Vil ha nynorsk og dialektar

Noregs Mållag arbeider for at fleire kan få bruka, lesa og høyra meir nynorsk og dialektar i Noreg.

– Me håpar at i dubbinga til norsk utgåve tek Disney i Noreg i bruk både dialektar og samisk. Dialektane til barn over heile Noreg er stadig påverka av bokmålstalemål. Derfor er det ekstra viktig at barn høyrer ulike dialektar i ein så populær film, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Handlinga får føre seg i Nord-Noreg

Delar av handlinga i «Frost 2» er venta å gå føre seg i noko som minner om Nord-Noreg, og leiaren i Mållaget meiner derfor at karakterane bør ta omsyn til det når dei snakkar.

I «Frost 1» er trolla dei einaste som talar og syng på nynorsk.

Bør Disney sleppa til fleire dialektar i filmen Frost 2?

Bør Disney sleppa til fleire dialektar i filmen Frost 2?

Eg vil høyra dialekta mi!28
Ok med berre Oslo-dialekt6
Eg vil høyra fleire dialektar!22
Veit ikkje64
Svar totalt: 120

Sjå klipp frå «Frost 2» under: