Er vinterferien den nye påskeferien?

Vi er midt i vinterferien, men nokre plassar i landet kan det nesten verke som vi har fullt påskevêr.

Lufta er mildare, vårblomane blømer. Til og med lamminga har starta. Snøen på høgfjellet har fleire stadar byrja å smelte. Det ser kanskje meir ut som påskeferie enn vinterferie.

(Saka held fram etter bilete av Valentin-lammet Christiane)

VALENTINE-LAM: I Utvik i Sogn og Fjordane har våren kome litt tidlegare enn vanleg. På sjølvaste Valentine-dagen kom årets fyrste lam til verda. Som regel brukar ikkje lamminga å skje før i mars-april, men i år kom det uventa tidleg. Foto: Bente Kjøllesdal)

Samanheng med global oppvarming

– Februar har vore uvanleg varm. Det er naturleg å sjå dei milde vintrane i samanheng med global oppvarming. Generelt reknar vi med milde vintrar framover. Berre no og då vil vi få vintrar av god, gammaldags kaliber, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meterologisk institutt til NTB.

Vinterferien er fordelt på tre veker

Vinterferieveka er fordelt utover veke 8, 9 og 10. Vanlegvis er vinterferien lik som året før, men det er Fylkesmannen som fastset skuleruta.

Neste ferie er i veke 16. Då har alle skular påskeferie. Den varar frå måndag 15. april til og med måndag 22. april. Nokre skular vel å ha planleggingsdag tysdagen etter påskeferien.

Dette gjer vi i vinterferien

Philip Nielsen Sæther

Alder: 8 år
Kvar er du i vinterferien? På hytta på Tempelseter i Eggedal i Sigdal kommune
Korleis er véret der? Først tåke, men no er det sol, varmt og fint!
Er det vinterferiestemning eller påskestemning? Påskestemning

Hermine Frøystadvåg Heggen

Alder: 7,5 år
Kvar er du i vinterferien? Heime i Halden og på SFO. Og så skal eg på badeland.
Korleis er véret der? Det har vore veldig mykje sol, og litt overskya.
Er det vinterferiestemning eller påskestemning? Eg synest det er mest vinteraktig. Eg synest det er greit når det er vinter, eg.