Ni løysingar som kan bremse oppvarminga

Verda har blitt rundt ein grad varmare dei siste 100 åra, og temperaturen vil stige om vi ikkje gjer noko. Heldigvis jobbar folk med å finne gode finne løysingar for å hindre dette.

Solceller – omdannar solenergi direkte til elektrisk energi. Det er ganske vanleg å plassere solcelle på taket – i land som har mykje sol. I Noreg auka salet av solceller med 300 prosent i 2018. I fleire land har solenergi blitt billeggare enn kol, og dess billeggare solcelle blir, dess betre blir det for klimaet.

Vindkraft – omdannar vindenergi til elektrisitet ved hjelp av svære vindmøller. Energien vert samla i ein dynamo som omdannar energien til elektrisitet. Både solceller og vindkraft er eit godt alternativ til oljefyring og fossil energikilde.

Hyperloop – tenk å reise gjennom røyr i over 1000 km/t! Mannen bak Tesla, Elon Musk, står bak denne oppfinninga. Menneske eller varer kan fraktast i ein kapsel inne i eit røyr med svært lågt lufttrykk, slik at luftmotstanden er liten. Det er venta at transportmiddelet kan frakte gods i 2020 og menneske i 2021. Bildet viser ein kapsel på veg inn i testbanen i USA.

El-bil slepp ikkje ut farlege miljøgassar. (Foto: Pixabay)

EL-bil – Etter at el-bilen har blitt billegare har fleire investert i ein elektrisk bil. Den sparar miljøet for dei farlege gassane som fossile bilar slepp ut. I fjor var over halvparten av alle nye bilar i Noreg el-bilar.

CO2-svampar – skal fange opp karbondioksid i industripiper og bilmotorar som fører til mindre utslepp i atmosfæren. Målet til forskarane ved Universitetet i Oslo er at det igjen kan brukast til drivstoff. Det internasjonale energibyrået reknar med at ein kan redusera utsleppa med inntil 28 prosent dersom ein fangar og lagrar CO2 frå dei store utsleppskjeldene som fossilkraftverk og fabrikkar og lagrar denne CO2 trygt under bakken.

Kyr et tang – klimaskadelege metanutslepp frå kyr kan kuttast drastisk dersom dei et tang og tare i fôret, har forskarar i Noreg funne ut.

Kanskje ein dag blir sjølvkøyrande bilar heilt vanleg (Foto: Volvo)

Sjølvkøyrande bilar – Det er allereie ganske vanleg å vera med i nabobilordning, der ein betaler litt for å låna ein bil når ein treng han. Men når det blir lov for bilar å køyra heilt sjølv, så er det ikkje lenger behov for å eiga bil sjølv. Då kan du bestilla bil via ein app akkurat når du treng han. Forskarar har rekna at ein kan redusera talet på parkeringsplassar med 97 prosent og utsleppa med 33 prosent.

Akvaponi er som eit drivhus der fisken gir liv til plantene (Foto: Ida Johanne Aadland)

Akvaponi Ved å bruke fiskebæsj og rrestar til gjødsling vil ein sleppe miljøskadelege utslepp. Dette heiter Akvaponi. Det går ut på å ha fiskeoppdrett og planter i same drivhus. Bæsj og rrestar går i slangar rett til plantane og gir næring. Dette kan vere ein viktig del av framtida innan matproduksjon.

Sjøens Tesla – innan 2030 skal Noreg halvera utsleppa frå ferjer og båtar. Alle ferjer og snøggbåtar skal bli utsleppsfrie. Denne båten, Urban Water Shuttle, er heilt elektrisk, og blir av mange kalla «sjøens Tesla» fordi han er elektrisk med solceller på taket og muleg å lada opp. På lengre samband vil ein bruka hydrogen om bord i snøggbåtar.