Skummel utvikling for fjellfuglane i Europa

Det er ti prosent færre fjellfuglar no enn ved årtusenskiftet, ifølgje ny studie.

Fjellfuglar kan kan få trøbbel når klimaet endrar seg. Sidan dei allereie bur langt oppe i fjella, har dei ingen stad å flykte for å finne naturen og klimaet dei er avhengig av, skriv Forskning.no.

Ein ny studie viser no nedgang i europeisk fjellfugl i fleire land, inkludert Noreg, Sverige og Finnland.

Jobbar for å finne svar

– Vi kjenner ikkje fullt ut årsaka til nedgangen. I tillegg til endringar i klima er fjellfuglar påverka av til dømes redusert beitetrykk, seier John Atle Kålås frå NINA. Han har jobba med studien i lag med andre forskarar.

Med “redusert beitretrykk” meiner forskaren at det er færre husdyr som beitar i fjellet. Dette er med på å påverke fuglane.

– Mange av desse artane er trekkfuglar, så påvirkninger utanfor hekkeområda kan også bidra til nedgangen, seier John Atle.