Svalbard kan bli opp mot ti gradar varmare

Det er venta meir nedbør, meir flaum og fleire skred, viser ein ny rapport.

– Funna er veldig dramatiske, seier seniorforskar i Meteorologisk institutt, Inger Hanssen-Bauer til NRK.no

I 98 månader på rad har temperaturen på Svalbard vore over normalen. I januar var det 4,7 gradar varmare enn det som er normalt. Det viser statistikken frå Meteorologisk institutt.

Verre skal det bli i åra som kjem. Om ikkje verda kuttar kraftig i klimagassutsleppa, kan Svalbard i verste fall bli 10 gradar varmare fram mot århundreskiftet, viser rapporten «Climate in Svalbard 2100», som er utarbeida av Noregs fremste klimaforskarar, skriv NRK.no