Energidrikke skapar problem i kroppen

Nær halvparten av dei som drikk energidrikk seier dei har opplevd skjelving, hjartebank, hyperaktivitet, vondt i hovudet og brystsmerter. No vil Forbrukerrådet ha aldersgrense på drikka.

Det er Forbrukerrådet som har undersøkt kva energidrikk gjer med oss. Halvparten av barn og unge drikk energidrikk ofte eller av og til, ifølgje den nye undersøkinga.

Mange drikk energidrikk for å halde seg vaken når dei gjer skulearbeid, men også når dei er saman med vener.

Fleire no enn før

Ifølgje Forbrukerrådet fortel fire av ti barn mellom 10–15 år at dei drikk energidrikk fordi venene deira gjer det. Heile 16 prosent av barn i alderen 10–12 år seier at det er reklame som gjer at dei drikk energidrikke.

– Dette viser ei utvikling som gjer oss bekymra. Energidrikk er blitt ein del av kosthaldet til endå fleire barn og unge, seier Gunstein Instefjord, fagdirektør for handel i Forbrukerrådet.

54 prosent av gutane seier dei drikk energidrikk, og 41 prosent av jentene fortel at dei gjer det same.