Jackine (11) og Mary (13) bur på skulen

Muhindo Jackine (11) og Thungu Mary (13) har flytta frå familiane sine for å gå på skulen. I Uganda har dei ikkje noko val om dei skal få utdanning.

Fakta om Uganda:
  • Uganda er ein republikk i Afrika.
  • Landet grenser mot Tanzania, Rwanda, Den demokratiske republikken Kongo, Sør-Sudan og Kenya.
  • Viktige eksportvarer er kaffi, te og bomull.
  • Viktige importvarer er maskinar, levande dyr og kjemikaliar.
  • Nesten halvparten av befolkninga er under 15 år, og kun 10 prosent er over 45 år.
  • Forventa levealder er 42 år både for menn og kvinner.

 

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Emma Sele (20) frå Bømlo jobbar frivillig i byen Kasese i Uganda. Ho underviser i teater, helse og leik. Å jobbe frivillig betyr at du jobbar utan å få betalt for det.

FRIVILLIG: Emma Sele (20) frå Bømlo jobbar frivillig i byen Kasese i Uganda. Foto: Privat

Skulen Emma jobbar på heiter Rwenzori Elverum Educational Center, og her er det vanleg at barn bur på internat. Det betyr at barna må flytte inn på skulen for å sleppe å reise langt kvar morgon og kveld. Dei reiser berre heim til familien når dei har ferie frå skulen.

INTERNAT: I Uganda er det vanleg at barn bur på internat. Foto: Emma Sele

Barberer hovudet

Då Emma kom for å jobbe på skulen såg ho at dei hadde frisørar på besøk. Dei fleste barn i Uganda har veldig kort hår. Då er det mindre risiko for å få lus. Emma snakka med dei nybarberte jentene om kor ofte dei barberar hovudet.

 

HÅR: Dei fleste barn i Uganda har veldig kort hår. Foto: Emma Sele

Tre gongar i terminen! svarar Muhindo Jackine (11). Ho bur på internatet saman med Thungu Mary (13).

Eg flytta hit i år, fortel Mary.

Eg var 10 då eg flytta inn!, fortel Jackine.

Dei fleste av barna som bur på internatet er frå 5 til 16 år.

Lei av graut

Emma spør korleis ein vanleg skuledag ser ut for jentene.

Vi står opp klokka 6.30. Først badar vi, smører oss med olje, pusser tennene, og tek på uniformen før vi går til time, fortel Jackine.

Til frukost et dei ein type graut, og dei et det same kvar dag.

Jentene er ferdig på skulen kl. 17.30 på ettermiddagen.

– Då badar vi, og så et vi middag, seier Jackline.

– Og om vi har skitne klede må vi vaske dei, fortel Mary.

VASKAR SJØLV: Kleda er nyvaska og heng til tørk. Jentene vaskar sjølv klede på ettermiddagen. Foto: Emma Sele

Dei et det same til middag som dei et til lunsj.

– Vi blir lei av graut, seier Jackline.

Etter middag har dei litt tid til å gjere lekser, rette oppgåver, synge, danse eller gjere husarbeid, før dei legg seg.

– Vi saknar foreldra våre, fortel Jackline.

Jackline og Mary bur på rom i lag med Biira Bevean (10).

Insekt i sengene

ALT I EIN BOKS: Alle har kvar sin blå metallboks, der dei har ting som mat, såpe, klede, koppar og tallerkar, tannbørste og tannkrem, skokrem, bøker, bind og sengetøy. Foto: Emma Sele

Musoki Jennifer (24) har ansvar for internatet. Ho er lærar, men gir også barna råd om korleis dei skal gjere husarbeid og lekser.

– Vi har ein del utfordringar. Vi har hatt ein del insekt i sengene, søppelbøttene våre er øydelagde og det er dårleg stand på toalettet. Nokre av elevane må dele madrasser, fordi me ikkje har nok. Nokre kjem frå fattige familiar, og ein del manglar ting som koppar og bestikk, myggnetting, skulebøker og blyant – og nokre slit med å betale skuleavgifta. Dette er berre nokre av problema vi har, fortel ho.

GODE VENER: Thungu Mary (13) og Muhindo Jackline (11). Foto: Emma Sele