Erna har fått ny, utvida regjering

Etter forhandlingar har vi no er ny, utvida regjering. Frå før sat Høgre, Framstegspartiet og Venstre i regjering. No har Kristeleg Folkeparti også vorte med.

Erna fekk fleirtalsregjering

No når KrF er med i regjeringa har Erna Solberg fått ei fleirtalsregjering. Fleirtalsregjering betyr at regjeringa er i fleirtal på Stortinget.

På Stortinget sit 169 folkevalde representantar. Regjeringspartia har 88 personar på Stortinget. Dei øvrige partia har 81 personar.

Det vil derfor vere lettare å gjennomføre politikken som regjeringa legg fram, fordi fleirtalet av dei 169 representantane på Stortinget mest truleg vil stemme for det partiet i regjeringa vil gjennomføre.

Dette er bra for statsministeren, fordi det er Stortinget som avgjer om ein skal godkjenne regjeringa sine forslag.

Partileiar i KrF trakk seg

Knut Arild Hareide har også gått ut og sagt at han no gir seg som partrileiar for Kristeleg Folkeparti, fordi har ikkje er samd i partiet sitt val om å gå inn i regjering med dei borgarlege partia.