Laurdag er den nasjonale høgtlesingsdagen

19. januar opnar Bokåret 2019 med nasjonal høgtlesingsdag.

Dette er frå ei pressemelding frå Nasjonalbiblioteket.

Bibliotek over heile landet inviterar forfattarar, forteljarar og lesarar til ein lesefest.

– Høgtlesingsdagen blir fellesstarten for eit heilt år der vi skal boltre oss i litteratur, lesing og leseglede. På høgtlesingsdagen kan du ta med deg ein ven (…) og ta inn litteraturen slik han i tidlegare tider blei overlevert: frå munn til øyre, seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Gulbrandsen.

Dette er ein av dei to første bøkene som blei trykt i Noreg.

Visste du at?

Bokåret 2019 markerer 500-årsjubileet for dei første norske trykte bøkene. Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense ble trykte høvesvis i København og Paris i 1519.  Den første er ei messebok for Noreg, mens den andre er ei handbok i liturgiske seremoniar for prestar. Begge bøkene står på lista over den norske dokumentarven.

Liker du å lese bøker?

Liker du å lese bøker?

JA!30
Elskar det!31
Sånn passe21
Nei!6
Hatar det!27
Veit ikkje1
Svar totalt: 116