Prøv å teikne det du vil hugse!

Canadiske forskarar meiner dei har funne at teikning festar seg i hukommelsen.

Dei fleste treng litt hjelp for å hugse. Kanskje mor eller far din skriv handleliste når dei skal i butikken? Viss vi teiknar varene på lista, kan det hende vi hugser lista etter handleturen også, skriv Ung.Forskning.no.

Fleire testar

Forskarar i Canada har testa dette på både unge og eldre. i gruppa som var med i testen, var det mange som hugsa mange fleire ord dei hadde teikna. Forskarane gjorde fleire testar, og alle viste same resultat. Det er lurt å undersøke ting fleire gongar når ein forskar på ting.

Mange teikningar

Ung.Forskning.no har snakka med Vidar Kjetilstad. Han har skrive bok med triks for å hugse det vi les. Han trur ikkje teikning alltid kan hjelpe for å hugse.

Det kan vera vanskeleg å få teikna alt ein skal hugse. Til dømes viss ein øver til ein prøve på skulen, meiner han.

Verdsmeister

Oddbjørn By blei verdsmeister i hukommelse i 2006.

Oddbjørn By er huske-mester. (Foto: Heidi By. Bildelisens: CC BY-SA 4.0)
Foto: Heidi By / CC BY-SA 4.0 / Wikimedia Commons

– Det er ofte lettare å hugse ting vi kan sjå føre oss, fortel han.

Når Oddbjørn skal hugse mange tal, gjer han tal om til bilete i tankane sine. Han trur det kan vera lurt å teikne det ein vil hugse.