Bli med på teikneserie-konkurranse!

Teikn og vinn fine premiar i teikneserie-konkurransen til Framtida Junior!

Fine premiar: Dei beste teikneseriane blir publisert i Framtida Junior, og vinnaren får 500 kroner og abonnement på papiravisa vår Framtida Junior i 2 månader. Av alle som deltar, vil det bli trekt ut fem stykk som vil vinna abonnement på Framtida Junior i 2 månader.

Krav: Teikneserien må ikkje vere større enn ei A4-side, men det går heilt fint å bruka berre 3-4 ruter som er 8 cm høge. Teksten må vera på nynorsk.

Frist: 31. januar

Send til: junior @ framtida.no med emnefelt «Teikneserie».

Tips til å laga teikneseriar

  • Det viktigaste er kva teikneserien skal handle om. Kanskje du kan ta utgangspunkt i ein vits med ein uventa slutt?
  • Hovudpersonen bør vere ein figur du klarer å teikne mange gongar.
  • Skriv tydeleg, slik at du er sikker på at andre klarer å lese teksten. Det kan vere lurt å lage ein kladd eller skisse fyrst.
  • Teikneserien kan vere svart-kvit, men det er også fint med fargar.
  • Tenk på Øystein Runde sine tips om nærbilete, totalbilete, perspektiv og ulike teksttypar.
  • Viss du teiknar for hand, må du scanne eller ta bilde av teikneserien før du sender.