Blir eit nytt parti med i regjeringa?

I desse dagar skal regjeringspartia snakke med Kristleg Folkeparti.

Frå før er det tre parti i regjeringa. Høgre, Framstegspartiet og Venstre. No håpar startsminister Erna Solberg at dei tre partia i regjeringa kan få til eit godt samarbeid med Kristleg Folkeparti.

Krevande

– Eg veit at dette kan bli krevjande. Det er alltid det når ein går frå to til tre og tre til fire, seier statsministeren til VG.

No prøver dei fire partia å finne ut korleis dei vil styre Noreg saman. I desse dagar har dei samtalar på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland.

Mange trur det kan ta lang tid før dei fire partia blir einige. Dei er nemleg ueinig om mange ting.