«No må du seie unnskyld til bror din!»

Du har kanskje høyrt det før? At du må seie unnskyld? Vaksne bør ikkje tvinge barn til å seie unnskyld, meinar forskarar.

Det er mange foreldre som presser barna til å seie unnskyld. Viss du seier unnskyld, betyr det at du angrar på noko og vil gjere det godt igjen.

Men kva om du ikkje angrar? Eller kanskje du ikkje skjønar kva du har gjort gale?

Må angre på ekte

Ifølgje forskarar frå England og USA bør ikkje vaksne tvinge barn til å seie unnskyld. Dei har snakka med barn mellom fire og ni år, og funne at det er viktig at den som seier unnskyld angrar på ekte viss ordet skal nyttast, skriv Ung.Forskning.no.

Barna sa dei følte seg betre når nokon sa unnskyld. Men berre når den som sa det verkeleg meinte det. Dei sa det var dumt når nokon sa det berre fordi dei måtte. Fleire av barna skjønte at nokon seier unnskyld berre for å sleppe å få kjeft.

Gjer heller noko snilt

Forskarane meiner at vaksne ikkje bør tvinge barn til å seie unnskyld, men heller snakke om kvifor den andre blir lei seg.

Det kan også vera lurt å heller gjere noko snilt, i staden for å bruke ord.

– Å gjere noko snilt kan vise at vi angrar og vil seie unnskyld, fortel Roar Solholm som Ung.forskning har snakka med. Han er leiar for Psykologisk poliklinikk for barn og ungdom på Universitetet i Bergen.

– Viss barn har krangla, kan vi sjå at dei inviterer kvarandre inn i leiken att etter krangelen, fortel han.

Til dømes ved å la den andre spele på dataen, eller leike med andre leiker.

Men Roar meinar det er viktig at vaksne seier klart ifrå når barn gjer noko gale. Men han er einig med dei andre forskarane om at vaksne ikkje kan kreve at barn skal vise at dei angrar med ein gong.