Dette treng du:
4 klementinar.
1 pose kokos
2 sjokoladeplater
5 kakemenn (frå butikken, konditoriet eller du kan bake sjølv)
Slik gjer du:
Smelt to sjokoladeplater i ei bolle som du har oppe i ei gryte med varmt vatn. Gjerne kokesjokolade.

Start med klementinane:
Skrell fire klementinar og del dei opp i båtar.
Dypp halve klementinbåten i den smelta sjokoladen. Be gjerne ein vaksen om hjelp til dette, det er fort gjort å brenne seg.
Legg klementinbåtane som er ferdigdyppa på eit bakepapir.
Strø litt kokos på den delen du har dyppa i sjokolade.

Så gjer du det same med halve kakemannen. Dypp i sjokolade, og strø kokos over. Be gjerne ein vaksen om hjelp til å dyppe, det er fort gjort å brenne seg.

Så legg du klementinar og kakemenn i kjøpeskapet i 15-20 minutt slik at sjokoladen får stivne.

Ferdig!